Meretes Garden

Glamping

Døvingssida 10, 6210 Valldal

Beskrivelse

Meretes Garden er eit idyllisk velvære – og retreat senter som tek imot gjestar på overnatting, yoga og spa.

Senteret er omgjeve av vakker natur – elv, mark og skog. Her er hage, uteplass med grill og solstolar.

Meretes Garden ønsker å bidra til eit berekraftig reiseliv. For vår del betyr det å ha fokus på å ta vare på naturen og omgjevnadane på best mogleg vis. Gjennom å etablere hagar og dyrke mat utan bruk av kjemiske sprøytemiddel, plante vekster som insekt treng for å trivast, gjenbruk av bygningar, kildesortering mm., er vi med på å ta vare på jordkloda vår.

Vi har bygt gjestehus med bruk av mest mogleg naturlege materiale og etablert glamping camp med økologiske bomullstelt som gjestane kan bu i frå mai- oktober. Fasilitetane er nye og topp moderne.

Tett på campen er her eit badehus som rommar dusj, wc og spa tilbod. Nytt og moderne gjestekjøkken og opphaldsrom som leiar ut eit gladrivhus for yoga, og vidare ut i den japanske hagen med karpedam. Estetikk og unik atmosfære er stikkord som beskriv heile senteret. Du får med andre ord mykje meir enn berre ei vanleg overnatting når du bur hos oss.

Vis mer

Overnatting

I nærheten

For at våre gjestar skal få det beste ut av opphaldet sitt her inne i fjorden kan vi anbefale ei heil rekke av aktivitetar og gode spiseplassar for våre gjestar. Vi likar å samarbeide med gode tilbyderar av forskjellige tenester.

Alt innan naturbaserte aktivitetar får du hjelp til hos Uteguiden i Valldal. Vi anbefaler klatreparken Valldal aktivitetspark for deg som vil ha ein herleg dag oppe i ei zip line mm.

På Kulå bowling kan du sjølvsagt bowle, men også ete god pizza og GO’2 burger. Prøv ein god a la carte middag på Valldal Fjordhotell eller besøk Vikingstova for god mat og drikke på Blåtind Boutique Hotel som ligg fredeleg til på Stavsengfjellet.

Vis mer

Fasiliteter 0

Fasiliteter

Aktiviteter i nærheten 0

Aktiviteter i nærheten

Bra å vite

Under eit opphald på retreatet kan du nytte deg av gode tilbod innan yoga og spa. Overnattingsgjestar har sauna og morgonyoga inkludert i prisen og du kan bestille massasje.

Vis mer

Åpningstider & innsjekking

Åpningstider:
Fullservice:

Ikke spesifisert

Innsjekk:

16:00

Utsjekk:

12:00

Campingplasser i nærheten